Mange reknar solsikkekjernar som sunt, men dei inneheld også monalege mengder kadmium og bør ikkje etast i store mengder.
Kadmium (Cd) er eit svært giftig tungmetall, som finst naturleg i miljøet. Innhold av kadmium i jord blir bestemt av naturleg innhold, nedfall via luft og det som blir tilført med gjødsel og jordforbetring. Kadmium sugast opp gjennom rotsystemet hos planter, og vil derfor kunne påvisast i planter og dyr.
Kan skade nyrene
Ein vaksen person bør ikkje få i seg meir enn 0,15 milligram kadmium per veke i gjennomsnitt (tolerabelt inntak per veke). For mykje kadmium kan skade nyrefunksjonen. I tillegg kan kadmium bidra til benskjørhet. Svært høge nivå kan også gje nedsett reproduksjonsevne og fosterskadar. Kadmium mistenkast også for å vere kreftframkallande.
Det er det totale inntaket av kadmium gjennom alt du et over tid som påverkar helsa.
Kadmium i solsikkekjernar
Analyser frå Mattilsynet og næringsmiddelmyndigheter i andre land har vist at solsikkekjernar inneheld monalege mengder av det giftige tungmetallet kadmium.
Ein studie av brødoppskrifter har og vist at dei som et mykje brød kan få i seg opp til 15 gram solsikkekjernar i veka. Folk som et mykje brød – og berre brød som inneheld solsikkekjernar – vil på denne måten fylle opp omlag 15 prosent av ”tolerabelt inntak per veke” for kadmium. Dei som er glad i slikt brød, bør derfor vere litt forsiktig med annan mat som inneheld kadmium, som til dømes innmat frå vilt (sjå "Andre kjelder til kadmium").
Rådene frå Mattilsynet er:
- Solsikkekjernar bør ikkje etast i større mengder, til dømes som snacks.
- Solsikkekjernar bør ikkje brukast til framstilling av mjølkeerstatning til mjølkeallergikarar.
- Solsikkekjernar kan godt brukast i avgrensa omfang i brød, men du bør ikkje berre ete brød med høgt innhald av solsikkekjernar. Generelle kosthaldsråd om å ete variert gjeld også for brød.
- Solsikkeolje og solsikkemargarin inneheld svært lite kadmium, og kan brukast utan avgrensing.
Mattilsynet har ikkje analysert om det er skilnad mellom økologisk dyrka solsikkekjernar og konvensjonelt dyrka. Truleg vil variasjonane avhenge meir av jordsmonnet enn om dei er dyrka økologisk eller ikkje.
Andre kjelder til kadmium
Det er korn og kornprodukter, grønnsaker (rotgrønnsaker) og poteter som bidrar mest til inntaket av kadmium på grunn av at dette er næringsmiddel man eter store mengder av. Men, dei høgaste verde av kadmium er funne i innmat av dyr, skjell, sjokolade, skogsopp og kosttilskot.