EU har vedteke lågare maksimumsgrenser for tilsetting av fargestoffet cantaxanthin i dyre- og fiskefôr for å forhindre helseskader hos menneske.
Grunnen til endringa er at det tidlegare er funne at cantaxanthin i store mengder kan gje skade på netthinna hos mennesker, og dei nye grensene skapar ein tryggleiksmargin mot at folk får i seg for mykje av stoffet.
Cantaxanthin er eit raudt fargestoff som førekjem naturleg i kantarellar, og i føter og fjør hjå flamingo. Stoffet vert òg laga syntetisk, og har spesielt vore brukt for å gje farge på oppdretta laks og aure.
Dei nye grensene gjeld i EU-landa frå og med 1/12/2003. Dei pågåande EØS-forhandlingane vil slå fast når dei nye grensene òg vil gjelde for norske fôrprodusentar.
Les meir hjå Statens landbrukstilsyn