Undersøkingar av ulike typar fiskefôr viser at fleire av fôrprøvane inneheld meir total arsen (As) enn EU sin grenseverdi på 6 mg/kg. Men under 1,2 prosent av dette arsenet er av den giftige typen.
Sjømat inneheld høge konsentrasjonar av grunnstoffet arsen. Over 80 prosent av arsensamanhengane i fisk ligg vanlegvis føre som arsenobetain, som er ufarleg for både menneske og fisk. Likevel finst det ein grenseverdi for arsen i fiskefôr som baserer seg på summen av alle arsensamanhengane, utan å ta omsyn til at arsensamanhengane ikkje er like giftige.
Forskingsprosjekt ved NIFES (Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning) har tidlegare vist at det meste av arsenet i fiskefôr er i ei ufarleg form, noko som har hjelpt til å heve EU sin grenseverdi i fiskefôr frå 4 mg As/kg til 6 mg As/kg i 2003.
Analyser av fleire typar fiskefôr viste at fleire av prøvane var over grenseverdien på 6 mg As/kg (totale arsen), men at under 1,2 prosent av arsensamanhengane er i dei giftige uorganiske formene, As(III) og As(V).
Fiskefôr som har eit arseninnhald over grenseverdien på 6 mg As/kg kan dermed bli avvist på marknaden, sjølv om innhaldet av giftig arsen er svært lågt. Desse resultata ymtar om at grenseverdien for arsen i fiskefôr bør baserast på dei arsenformene som er giftige, nemleg uorganisk arsen.