Nordmenn sin skepsis til kosttilskot har auka det siste året, syner Trygg Mat-undersøkinga MMI har utført for Mattilsynet.
33 prosent er heilt eller delvis ueinig i påstanden ”kosttilskot har ein positiv effekt på helsa”. Dette er ein auke frå 22 prosent i fjor. Samtidig har delen som er heilt eller delvis einig i påstanden sokke frå 75 til 64 prosent (sjå figur nedanfor).
Menn er i gjennomsnitt litt meir skeptiske til påstanden enn kvinner. 40-59-åringane er klart meir skeptiske enn folk i andre aldersgrupper.
Berre tran nødvendig
I dag er det svært mange som tek kosttilskot i form av vitamin- og mineraltablettar. Dette er unødvendig dersom du er frisk og har eit variert kosthald, meiner Sosial- og helsedirektoratet (SHdir).
Det einaste unnataket er vitamin D, som det kan vere vanskeleg å få i seg nok av. SHdir tilrår derfor at alle tek ein skje tran eller trankapslar kvar dag.