Forsiden Kart over nettstedet Om Matportalen Kontakt oss Nyhetsbrev
Søk i Matportalen
Hold deg orientert
Abonnér på vårt nyhetsbrev
Nyheter som RSS-feed
Lær mer om mat
Søk i Matvaretabellen
Last ned Mat på Data
Undervisningsmateriell
Kostholdsråd
Nøkkelråd for mat og mosjon
Hva bør du ikke spise?
Hva bør du være forsiktig med?
Hva bør du spise mer av?
Råd til spesielle grupper
Sentrale emner
Blåskjellvarsel
Nøkkelhullet
Smittestoffer
Fremmedstoffer
Næringsstoffer
Tilsetningsstoffer
Naturlige gifter
Syk av maten?
Hygiene og mat
Merking av mat
Genmodifiserte matvarer
Emballasje og mat
Økologisk mat
Mat og helse
Kostholdsundersøkelser

Redaksjonen
E-post til redaksjonen



UndervektigeSkriv ut denne siden Utskriftsvennlig versjon  

(Foto: iStockphoto)
Det kan vere like vanskeleg å leggje på seg nokre kilo som å slanke dei bort. Ynskjer du å auke vekta di, er det viktig å ta tida til hjelp. Det er ynskjeleg at vektauka kjem i form av auka muskelmasse og ikkje berre i form av feitt. Ein sunn og sikker måte å gå opp i vekt på, er å ete regelmessige måltider, velje sunne matvarer og trene regelmessig.

Verdens helseorganisasjon (WHO) definerer undervekt som Body Mass Index (BMI) mindre enn 18,5. Den blir rekna ut som vekta dividert med kvadratet av høgda (BMI=kg/m²).


Her er nokre råd for deg som ynskjer å gå opp i vekt:

  • Et regelmessige måltider som frukost, lunsj, middag og kveldsmat dagleg. Planlegg måltida og ikkje hopp over eit måltid. Du må gjerne ete nokre mindre mellommåltid i løpet av dagen.
  • Auk feittinntaket noko, fortrinnsvis i form av einumetta eller fleirumetta feitt. Gode kjelder er olje, mjuk margarin, feit fisk, majones, majonespålegg, avokado, nøtter og frø. Feitt aukar energiinnhaldet i maten utan at volumet aukar så mykje.
  • Bruk mjuk margarin på brødet.
  • Strø nøtter og frø på salaten, ha det i gryteretten.
  • Bruk olje- eller majonesbasert dressing på salaten og grønsakene.
  • Bruk avokado som pålegg og i salatar.
  • Inkluder gode proteinkjelder som reinskåre kjøtt, kylling/kalkun og fisk av alle slag, egg og meieriprodukt i måltida.
  • Drikk gjerne vatn mellom måltida, men ikkje så mye i samband med måltidet. Bruk heller juice eller mjølk til maten, det gjev ekstra kaloriar.
  • Unngå snacks, godteri og brus/saft, dei inneheld mykje sukker og ugunstig feitt, men lite vitaminar og mineralar.
  • Om dette ikkje hjelp, prøv å ete litt meir til kvart måltid og/eller et fleire mellommåltider.
  • Tren regelmessig og gjerne styrketrening.


Hugs elles at dei generelle kostråda for eit sunt kosthald gjeld også for deg som vil opp i vekt:

  • Et minst tre porsjonar grønsaker og to porsjonar frukt dagleg.
  • Vel kokte eller bakte poteter framfor chips og pommes frites.
  • Et grove korn- og brødvarer.
  • Et meir fisk – både som pålegg og middag.
  • Vel magre kjøtt- og meieriprodukt.
  • Vel mjuk vegetabilsk margarin eller olje framfor hard margarin eller smør.
  • Kutt ned på inntaket av sukker, særlig i form av brus og godteri.
  • Vær varsam med salt.
  • Vatn er den beste tørstedrikk.


Det er viktig å hugse på at me er skapt forskjellig. For nokon er det naturlig å være tynn, utan at dei risikerer å bli sjuke av det.


Kjelde: Helsedirektoratet



I fokus
Til deg som vil vege meir
Artikkel, 27.01.2009
Det kan vere like vanskeleg å leggje på seg nokre kilo som å slanke dei bort. Ynskjer du å auke vekta di, er det viktig å ta tida til hjelp. Det er ynskjeleg at vektauka kjem i form av auka muskelmasse og ikkje berre i form av feitt. Ein sunn og sikker måte å gå opp i vekt på, er å ete regelmessige måltider, velje sunne matvarer og trene regelmessig.
Les mer



Siste
Flere nyheter Flere nyheter
Spør en ekspert

Hvordan kan jeg unngå småspising mellom måltider?

Les svaret

Flere besvarte spørsmål
Du er her:

Undervektige

Aktuelle saker:

© Matportalen Kontakt Matportalen Om Matportalen