Forsiden Kart over nettstedet Om Matportalen Kontakt oss Nyhetsbrev
Søk i Matportalen
Hold deg orientert
Abonnér på vårt nyhetsbrev
Nyheter som RSS-feed
Lær mer om mat
Søk i Matvaretabellen
Last ned Mat på Data
Undervisningsmateriell
Kostholdsråd
Nøkkelråd for mat og mosjon
Hva bør du ikke spise?
Hva bør du være forsiktig med?
Hva bør du spise mer av?
Råd til spesielle grupper
Sentrale emner
Blåskjellvarsel
Nøkkelhullet
Smittestoffer
Fremmedstoffer
Næringsstoffer
Tilsetningsstoffer
Naturlige gifter
Syk av maten?
Hygiene og mat
Merking av mat
Genmodifiserte matvarer
Emballasje og mat
Økologisk mat
Mat og helse
Kostholdsundersøkelser

Redaksjonen
E-post til redaksjonen




Aktuelt:
Utvida overvaking av lusemidlar i oppdrettsfisk
Bookmark and Share Skriv ut denne siden Utskriftsvennlig versjon  
Forfatter: Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES)
Publisert: 06.05.2010
Sist oppdatert: 06.05.2010 - 13:45:54

Etter auka bruk av lusemidlar i fiskeoppdrett, har NIFES på oppdrag frå Mattilsynet, undersøkt fleire prøvar for dei kitinhemmande lusemidla diflu- og teflubenzuron. Det vart ikkje påvist rester av desse stoffa i dei nye prøvane, og sjømattryggleiken med omsyn på lusemidlar i oppdrettsfisk er difor god.

På grunn av ein auka bruk av lusemidla diflu- og teflubenzuron i fiskeoppdrett i 2009 har NIFES undersøkt tilleggsprøvar av filèt frå til saman 205 oppdrettsfisk. Dei nye analysane viser, som tidlegare overvaking, ingen rester av diflubenzuron eller teflubenzuron.


Dei nye analysane kjem i tillegg til prøvar som tidlegare er undersøkte gjennom det årleg overvakingsprogrammet som NIFES gjennomfører. Tilleggsprøvane vart undersøkte for diflu- og teflubenzuron i fisk frå område langs kysten der det var kjent at desse stoffa hadde vore i bruk. Det er teke prøvar både frå anlegg som hadde brukt desse lusemidla og frå anlegg der det ikkje var registert bruk av stoffa. Dette vart både gjort for å ettersjå at fisk som hadde vore behandla ikkje hadde konsentrasjonar over grenseverdiane, og stadfesta at uregistert bruk av desse stoffa ikkje førekjem.


Fiskeprøvane vart henta inn hausten 2009 og tidleg på året i 2010. Metodane som vart nytta var i stand til å visa konsentrasjonar på ein hundredel av internasjonalt aksepterte verdiar for restar av desse stoffa.


Desse tilleggsanalysane stadfestar funna frå det ordinære overvakingsprogrammet, der ingen rester av diflubenzuron eller teflubenzuron er påvist. Dette viser at sjømattryggleiken med omsyn på lusemidlar i oppdrettsfisk er god, sjølv etter at ein har sett ein auke i bruken av desse stoffa.


Gå til Utvida overvaking av lusemidlar i oppdrettsfisk på www.nifes.no


Les også

Utforsk relaterte emner

Spør en ekspert

Hvordan kan jeg unngå småspising mellom måltider?

Les svaret

Flere besvarte spørsmål
Du er her:

Utvida overvaking av lusemidlar i oppdrettsfisk

Forfatter:

© Matportalen Kontakt Matportalen Om Matportalen