På grunn av miljøforureining inneheld fiskelever høge nivå av miljøgiftene dioksin og PCB. Dette er stoff som over tid kan gi endringar i immunforsvaret, forplantningsevna og hormonbalansen i kroppen. Stoffa kan også vere kreftframkallande. Dioksin og PCB i dei konsentrasjonane som finst i mat har ingen beinveges eller akutt effekt på helsa. Derimot kan eit høgt inntak over tid kan gje helseskadar.
Mattilsynet gir kosthaldsråd på bakgrunn av risikovurderingar. Foster og spedbarn er mest kjenslevare for dioksin og PCB.
- Barn, kvinner i fruktbar alder og gravide bør ikkje ete fiskelever eller pålegg laga av fiskelever, til dømes Svolverpostei og Lofotpostei.
- Andre grupper i befolkninga bør avgrense inntaket av fiskelever og pålegg laga av fiskelever.
- Konsum av fiskelever frå spesielt forureina hamner og fjordar og ferskvatn er ikkje tilrådeleg.
Tran er ein fiskeolje som er laga av lever av torsk, sei og hyse. Produksjonen av tran skjer i fleire trinn, og i prosessen vert miljøgifter reinsa vekk.
Sidan både PCB og dioksin har lang halveringstid i kroppen (fleire år) er det inntak over tid som betyr noko, ikkje kva ein et i korte periodar av livet.