Forsiden Kart over nettstedet Om Matportalen Kontakt oss Nyhetsbrev
Søk i Matportalen
Hold deg orientert
Abonnér på vårt nyhetsbrev
Nyheter som RSS-feed
Lær mer om mat
Søk i Matvaretabellen
Last ned Mat på Data
Undervisningsmateriell
Kostholdsråd
Nøkkelråd for mat og mosjon
Hva bør du ikke spise?
Hva bør du være forsiktig med?
Hva bør du spise mer av?
Råd til spesielle grupper
Sentrale emner
Blåskjellvarsel
Nøkkelhullet
Smittestoffer
Fremmedstoffer
Næringsstoffer
Tilsetningsstoffer
Naturlige gifter
Syk av maten?
Hygiene og mat
Merking av mat
Genmodifiserte matvarer
Emballasje og mat
Økologisk mat
Mat og helse
Kostholdsundersøkelser

Redaksjonen
E-post til redaksjonen



SaltSkriv ut denne siden Utskriftsvennlig versjon  

Det vi i daglegtale kallar salt består blant anna av mineralet natrium som kroppen treng for å regulere væskebalansen. Likevel kan eit for høgt inntak av natrium vere skadeleg.

Saltinntaket ligg langt over tilrådd dagleg inntak i heile Vest-Europa. I gjennomsnitt får vi nordmenn i oss ca. ti gram salt dagleg. Norske ernæringsstyresmakter tilrår berre eit samla inntak på rundt fem gram salt, og for barn bør det vere enda mindre. Fem gram salt tilsvarer ei snau teskei.


Over halvparten av saltet nordmenn et kjem frå matvarer som industrien har arbeidd vidare med . Matstyresmaktene i Noreg har derfor tilrådd matvareindustrien å redusere saltinnhaldet i matvarer som er arbeidd vidare med.


Skadeverknader

Eit høgt saltinntak kan føre til eit for høgt inntak av natrium som er assosiert med auka blodtrykk. Høgt blodtrykk er ein viktig risikofaktor for hjerneslag og hjarte- og karsjukdomar. Ved sida av sukker, blir no høgt saltinntak rekna som ein av dei alvorlege ernæringsrelaterte truslane mot folkehelsa.


Dei som fyrst og fremst bør redusere saltinntaket er dei som har høgt blodtrykk eller har/har hatt hjarte- og karsjukdomar.


Korleis veit du om maten du et inneheld mykje salt?

Opplysningar om næringsinnhald på dei fleste matvarer inneheld informasjon om kor mykje salt eller natrium det er i vara. Dersom innhaldet er gitt opp i natrium (Na) kan du rekne ut mengda salt i maten ved å gonge mengd natrium med 2,5. (1 gram salt er tilnærma lik 0,4 gram natrium)


Det kan likevel vere vanskeleg å finne ut nøyaktig kor mykje salt du faktisk et pr dag. Retningslinjene nedanfor er henta frå matstyresmaktene i Storbritannia, Food Standard Agency, og kan gi ein viss peikepinn på om du et mat med høgt saltinnhald.


Dette er MYKJE salt
1,25 g salt eller meir pr 100 g
(0,5 g natrium eller meir pr 100 g)


Dette er LITE salt
0,25 g salt eller mindre pr 100 g
(0,1 g natrium eller mindre pr 100 g)


Tips for å redusere saltinntaket:


  • Lag maten sjølv. Då kan du sjølv fastsetje saltmengda som blir tilsett. Bruk minst mogeleg salt. Bruk anna kryddar i staden, for eksempel urter eller litt pepar.
  • Forsøk å velje produkt som inneheld lite natrium. Samanlikn merkinga når du kjøper mat som for eksempel ost, pølser, knekkebrød, frukostblandingar, sausar, supper og hermetikk.
  • Gi barn frukt eller bitar med rå grønsaker som alternativ til kjeks og snacks som kan innehalde relativt mykje salt.
  • Spis mindre salthaldig pålegg som for eksempel salt pølse, bacon, røykelaks.


Les mer om salt på temasidene til Helsedirektoratet



I fokus
Inga grense for sikkert inntak av salt
Artikkel, 06.07.2005
Det er kjent at stort inntak av salt kan føre til høgt blodtrykk og dermed auka risiko for hjerneslag og hjarte- karsjukdomar. I følgje EU sin vitskapskomité for matvaretryggleik, EFSA, er det ikkje mogeleg å fastsetje ei øvre grense for sikkert inntak av natrium eller klorid.
Les mer


Mindre salt kan gi mindre hjerte- og karsykdom (2007)
Artikkel, 24.05.2007
Minsket saltinntak kan redusere risikoen for hjerte- og karsykdom blant friske personer, viser en amerikansk studie som nylig er publisert i det vitenskaplige tidsskriftet British Medical Journal.
Les mer


Siste
Flere nyheter Flere nyheter
Spør en ekspert

Hvis det er påvist giftige blåskjell, gjelder dette da også andre skjell som o-skjell, kamskjell osv.?

Les svaret

Flere besvarte spørsmål
Du er her:

Salt

Aktuelle saker:

© Matportalen Kontakt Matportalen Om Matportalen