Det er stor interesse for jordskokk, og etterspørselen etter planter veks sterkt. Bioforsk Øst Landvik har sett i gang eit prosjekt for å finna ein rask og effektiv metode for oppformeiring av jordskokkplanter.
Jordskokk vert oppformeirt med setjeknollar på same måte som potet. Men knollane kan også spreia jordbuande skadegjerarar. Difor er det behov for sertifisert produksjon av friskt formeiringsmateriale. Enkelte produsentar ønskjer i tillegg større kvanta av vevsformeirte planter for å oppskalera produksjonen snøggare.
Forskar Siv Lene Gangenes Skar ved Bioforsk Øst Landvik har fått oppgåva med å utvikla ein metode for vevskulturformeiring av jordskokk. Vanlig stiklingsformeiring går langsamt, og det er usikkert om det vert avling i utplantingsåret. Denne metoden gjev heller ingen garanti for at setjeknollane er friske. Med vevskultur går oppformeiringa mykje snøggare, og knollane kan sertifiserast som sjukdomsfrie.
– Men her er det også utfordringar, fortel Siv Lene Gangenes Skar.
– Vevskulturformeiring av jordskokk er nytt her i landet. I utlandet er metoden prøvd med varierande hell. Vi ønskjer å koma fram til ein god og sikker metode, seier ho. Når vi har vevskulturteknikken på plass, vil produksjonen av friske planter gå mykje raskare.
Det er eigentleg få sjukdomsproblem med jordskokk, men under lagringsperioden kan storknolla råtesopp gjera stor skade. Plantene kan også infiserast av virus, men Bioforsk Plantehelse har til no ikkje registrert dette problemet på plantematerialet frå Landvik. Når teknikken for oppformeiring via vevskultur er godt etablert, vil ein kunna produsera friske setjeknollar av dei sortane som marknaden etterspør.
Forma på knollane er det viktigaste sortskriteriet. Ideelt sett skal jordskokk sjå ut omtrent som mandelpotet. Knollane skal vera lange og glatte, utan utvekstar. Ein del sortar har knudrete form, og dette er ikkje optimalt.
Avlingsnivå og innhald av inulin er også viktig for val av sort. Marknadsmessig er interessa for jordskokk som ”helseplante” knytt til høgt inulininnhald. Store avlingar er viktig for å få ein effektiv produksjon. Ved Bioforsk Øst Landvik pågår det eit sortsforsøk som skal hjelpa forskarane med å finna ein god sort for den norske marknaden..
Solrotchips
Bioforsk Øst Landvik er involvert i Solrotchips. Forskar Randi Seljåsen arbeider mest med dyrkingstekniske eigenskapar, men har også medverka i utviklinga av dette snacksproduktet som er basert på jordskokk. Hun fortel at Solrotchips ikkje er frityrsteikt som vanlig chips. Knollane vert skorne i tunne skiver, og rista i omn utan tilsetjing av feitt. Det er laga to smaksvariantar: Naturell og dill med løk. To helsekostforretningar prøvesel produktet under namnet Solrot helsechips. Indianarane brukte jordskokk, og kalla planta Sun Root. Solrot er difor eit godt varemerke for den nye chipsen, seier Seljåsen.
Dyrking
Jordskokk kan haustast på same måte som poteter. Ein kjører først over åkeren med risknusar. Knollane vert så hausta med ”mandelpotetbelte” på opptakaren. Jordskokk tåler overvintring godt, heilt ned til minus 20 grader, og kan stå ute vinteren over. Dermed kan den også haustast om våren. Ein kan også tenkja seg fleirbruk av jordskokk: Knollane som mat, blomsterhandlarane kan kanskje vera interesserte i dei vakre blomane, og den svære bladmassen kan brukast til husdyrfôr, avsluttar forskar Randi Seljåsen ved Bioforsk Øst Landvik.
Tekst og foto: Sølvi Svendsen, Bioforsk
Kontakt:
Siv Lene Gangenes Skar, Bioforsk Øst Landvik, siv.skar@bioforsk.no,
Tlf: 934 13 908
Randi Seljåsen, Bioforsk Øst Landvik, randi.seljaasen@bioforsk.no,
Tlf: 406 22 915
www.jordskokk.no